OM OSS

OM OSS

Tannlegekontoret er ein veletablert, moderne tannlegepraksis med lang fartstid og ligg i Volda på Sunnmøre. I 2009 tok Tannlege John Thomas Riise over som klinikksjef og eigar etter Andreas Tomasgaard som no har gått av med pensjon. Til praksisen er det tilknytta 3 tannlegar, 1 tannpleiar og 3 tannhelsesekretærar.

Vi tilbyr allmenn tannbehandling ut i frå dine behov, og er svært opptekne av at behandlinga vert gjort på ein trygg og kvalitetsmessig god måte. Vi informerer alltid om ulike behandlingsalternativ før behandling byrjar.På denne måten kan vi som fagpersonell og du som pasient  vere med på å velge den behandlinga som passar deg best.

Moderne tannbehandling krev kunnskap og erfaring, dette har vi. Vårt tannhelspersonell vert stadig kursa gjennom fagsamlingar og nasjonale kurs innan tannhelsefeltet. Vi har spesialkompetanse i implantatprotetikk og lystgass/sedasjon og samarbeider tett med spesialistar innan kirurgi, tannkjøttbehandling og tannregulering.

Tannlegekontoret har vidare eit sterkt fokus på smertefri og omsorgsfull behandling. Du skal føle deg godt ivaretatt hos oss.

Velkomen til oss!